Innlegg

Viser innlegg fra april, 2021

Flinke 5. klassingar

Bilde
Leseprosjekt  5. klassingane i Skjåk har eit prosjekt der dei har lese bøker og hatt bokpresentasjonar for 4. klassingane. Prosjektet starta med at elevane fekk ein bokpresentasjon hjå oss fyrst. No er bøkene bøkene stilt ut her på biblioteket og du kan få låne dei om du vil. I kvar bok ligg ei bokanfaling som er skrive av elevane sjølve. Her er eit boktips: "Alene" av Gazzotti og Vehlman "Eg anbefaler boka, for boka er gøy, litt skumel, men veldig bra. For barnskulen fra 1.-6. trinn."               

Vi opnar opp att i dag

Bilde
 

Mordaren og vinnaren

Bilde
Her er løysinga Vi takkar for alle kreative forslag til løysing på årets påskekrim frå Skjåk folkebibliotek. Det store spørsmålet er - kven tok livet av Sigrun Propell? Svar Sjølv om det såg ut til at mange av dei aktuelle gjerningspersonane hadde motiv, var det berre Jenni S. Pañol som gjorde noko med det. Ho myrda Sigrun Propell! Motiv Bibliotekbrukar Kari Anne El Egant hadde overhøyrd ei amper samtale mellom dei tilsette på biblioteket der dei diskuterte stillingsprosent. Jenni S. Pañol gav uttrykk for at ho er ei attgløyme. Ho ynskte difor å ta livet av både Sigrun Propell og Rita Lyrikk i håp om å sikre seg ein større stillingsprosent. Samstundes la ho skulda over på den nytilsette Elin Lé Ken som ho meinte hadde brauta seg fram og stole ein del av jobben hennar. Korleis Jenni S. Pañol kom tidleg denne dagen og la ut forgifta sjokolade til både Sigrun Propell og Rita Lyrikk. Ho visste nemleg at dei begge er MEGET svake for sjokolade, og rekna difor med at dette var grei skuring.

Opnar opp att tysdag 13. april

Bilde
K riseleiinga i Skjåk kommune har innført fleire lokale smitteverntiltak. Eit av tiltaka er at Skjåk folkebibliotek skal halde stengt for besøk frå 25. mars. Vi opnar opp att tysdag 13. april. Bestill gjerne bøker Du kan bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon eller e-post. Vi låner ut og ordnar bokpakker som kan hentast utanfor biblioteket mellom kl 10 og 14 måndag-fredag. Du kan levere bøker i bokkassa ved inngangsdøra vår. Kontakt oss gjerne for å gjere avtale om henting av bøker på andre tidspunkt. Tlf: 909 47 020 E-post:  skjaak.folkebibliotek@skjaak.kommune.no .