Opnar opp att tysdag 13. april


Kriseleiinga i Skjåk kommune har innført fleire lokale smitteverntiltak. Eit av tiltaka er at Skjåk folkebibliotek skal halde stengt for besøk frå 25. mars.

Vi opnar opp att tysdag 13. april.

Bestill gjerne bøker

Du kan bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon eller e-post. Vi låner ut og ordnar bokpakker som kan hentast utanfor biblioteket mellom kl 10 og 14 måndag-fredag.

Du kan levere bøker i bokkassa ved inngangsdøra vår.

Kontakt oss gjerne for å gjere avtale om henting av bøker på andre tidspunkt.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede