Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2011

Feit av Kristian Fjellanger

Bilde
Ironi og mykje humor (samt "litt" banning) Ein ulukkeleg Kristian (140 kg) står i prøverommet og bestemmer, lett desperat, at nok er nok. Eitt år seinare har han slanka vekk halve seg. Fjellanger tek eit oppgjer med alt frå lettknuselege heimegymapparat til slankekurar og helseguruane som står bak. Kva vil det seie å vere "normal", og kvifor gjer det så vondt? Han fortel ei imponerande historie om korleis han har slanka bort halve kroppsvekta si på eit år. Det er ikkje ei bok om slanking, men ei sjølvopplevd forteljing om kor avgjerande utseendet er for korleis samfunnet ser på deg, og kroppsfokusering og skjønnheitstyranni i Noreg i 2010. Boka er underhaldande og godt skriven med mykje humor og ironi. Den fortener å bli lese og diskutert av mange!  Kristian Fjellanger har ein eigen blogg om menn og fett som heiter Mannsfett .

Vi er nr. 2 på utlånstoppen i Oppland

Bilde
Vi er stolte av å vere ein god nummer 2, og gratulerer Lom som ligg på topp!   Utlånstoppen for folkebibliotek i Oppland 2010: Utlån pr. innbyggjar:       1. Lom 9,85 2. Skjåk 7,67 3. Jevnaker 7,43 4. Øystre Slidre 6,68 5. Etnedal 6,67 6. Ringebu 6,23 7. Sel 5,80 8. Sør-Aurdal 5,76 9. Vågå 5,61 10. Lillehammer 5,49 Årsmeldinga kan du laste ned her: Årsmelding  Oppland fylkesbibliotek 2010