Feit av Kristian Fjellanger

Ironi og mykje humor (samt "litt" banning)

Ein ulukkeleg Kristian (140 kg) står i prøverommet og bestemmer, lett desperat, at nok er nok. Eitt år seinare har han slanka vekk halve seg.

Fjellanger tek eit oppgjer med alt frå lettknuselege heimegymapparat til slankekurar og helseguruane som står bak. Kva vil det seie å vere "normal", og kvifor gjer det så vondt? Han fortel ei imponerande historie om korleis han har slanka bort halve kroppsvekta si på eit år. Det er ikkje ei bok om slanking, men ei sjølvopplevd forteljing om kor avgjerande utseendet er for korleis samfunnet ser på deg, og kroppsfokusering og skjønnheitstyranni i Noreg i 2010.
Boka er underhaldande og godt skriven med mykje humor og ironi. Den fortener å bli lese og diskutert av mange! 

Kristian Fjellanger har ein eigen blogg om menn og fett som heiter Mannsfett.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren