Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2016

Humoristisk teater

Bilde
I dag har vi hatt besøk av "Dårekisten teater" ved Kjell Matheussen. Han dramatiserte eventyret "Rødhette og Ulven" med stor innleving og lun humor. Alle barnehagane var invitert. Vi var 60 personar som fekk sjå og høyre det spennande eventyret. Bestemor og Rødhette (...og Kjell) Ulven og Rødhette Ulven ringjer "Se og Hør" for å fotelje at han skal gifte seg med Rødhette. Spennade å vere bak scena Kjell Matheussen er ein flink skodespelar og forteljar Ungane fekk helse på Rødhette og co.

Besøk av 6. klasse frå Marlo skule

Bilde
Marlo skule I dag fekk vi besøk av 6. klassingane Jonas, Paula, Filip, Pål, Egil, Kari, Anne, Kristian og Sigrid - og lærar Jarleif. Bokprat, omvising og oppgåver Vi hadde bokprat og omvising i biblioteket. Deretter fekk elevane oppgåveark som utfordra dei til å  finne bøker i biblioteket, dei skulle også søkje i katalogen vår på nettet for å finne informasjon om titlar, forfattarar og fagnummer og hylleplasseringar. Til slutt vart det ei skikkeleg kosestund i lesebingen der elevane såg/leste og koste seg med bøker. Dette var trivelege, flinke, snille og ivrige 6. klassingar. Vi gler oss til neste besøk :) Her er bøkene vi prata om i dag:

Som eit barn

Bilde
av Sivert N. Nesbø Som eit barn handlar om ein familie der kvar på sin måte freistar å forsone seg med det dei ikkje kan rå med. Familien på fire - mor, far og to søner - er på fjellgarden berre om sommaren. Dei bor ein annan plass i bygda. Om sommaren hjelper dei onkelen, broren til faren, som driv garden åleine elles i året.  Vi fylgjer dei i skogen på tur og med vedhogst, med gardsarbeid og på jakt og fiske. Men det er noko som har skjedd som ikkje er fortalt til alle. Familien er prega av sorg. Den eldste sonen ynskjer å arbeide på garden og føre arven vidare. Dette er ei lita forteljing med mykje innhald, med fint språk og fine naturskildringar. Sivert N. Nesbø debuterte med romanen Skårgangar i 2013. Dette er hans andre roman, frå  2015. God bok frå Hanne :)

Meir utdanning?

Bilde
Karriere Oppland Nord-Gudbrandsdal tek gjerne ein prat med deg på Skjåk folkebibliotek torsdag 11. februar kl 16 - 19. Dei tilbyr gratis karriererettleiing for vaksne. Utdanning for vaksne Karrieresenteret Nord-Gudbrandsdal skal ut på sin årlege bibliotekrunde. Dei tek gjerne ein prat med deg om utdanning som gjeld både i og utanfor regionen.  Her er ei oversikt over bibliotekrunda: Skjåk: torsdag 11. feb kl 16 - 19 Lom: måndag 8. feb kl 16 -19 Lesja: tysdag 9. feb kl 16 -19 Dovre: onsdag10. feb kl 15 -18 Sel: måndag 15. feb kl 16 -19 Vågå: tysdag16. feb kl 16 -19 Velkomen innom for ein hyggeleg prat. Ynskjer du meir informasjon? Besøk nettsida til Karriere Oppland.