Innlegg

Viser innlegg fra november, 2013

Fredrikke Marie Qvam

Bilde
Eit foredrag av Magnhild Folkvord om ein stemmerettsforkjempar   Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement.Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.                           Velkomen til Skjåk folkebibliotek Torsdag 28/11 kl 19 Inngang kr 50,- Enkel servering og boksignering Under Stemmerettsjubileet 1913 - 2013  som feirar hundre år med stemmere

Tore Pryser på Skjåk folkebibliotek

Bilde
Boksignering i Skjåk "1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater"  Professor Tore Pryser kjem til Skjåk folkebibliotek for å signere den nye boka "1814 i Oppland: Bønder, øvrighet og soldater", torsdag 14. november kl 14. Boka er resultat av eit forskingsprosjekt der ein har sett på korleis folk i Christians amt, noverande Oppland fylke, oppfatta og deltok i hendingane i 1814 med Riksforsamlinga på Eidsvoll som eit høgdepunkt.      Boka legg vekt på å sjå 1814-prosessen nedanfrå. Det dreier seg ikkje berre om leiarane, men også om vanlege folk sin mentalitet, og om korleis dei oppfatta det som skjedde. Eit omfattande kjeldemateriale er tatt i bruk både frå offentlege arkiv og frå privatarkiv. Bokprosjektet er knytt til Opplandsarkivet og Høgskolen i Lillehammer, med professor Tore Pryser som forfattar.

Klovnen Knut

Bilde
Tysdag 5. november kl 11 kjem Klovnen Knut til Skjåk folkebibliotek med forestillinga "VirrrVarrr". Forestillinga er fargerik og engasjerande med klassiske sirkusferdigheitar som sjonglering, einhjulsykling, trylling, tull og buktaling. Passar for både vaksne og barn. J Gratis inngang.  VELKOMEN!