Fredrikke Marie Qvam

Eit foredrag av Magnhild Folkvord om ein stemmerettsforkjempar
 
Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett.
Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement.Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira. Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.                      
 
 Velkomen til Skjåk folkebibliotek
Torsdag 28/11 kl 19
Inngang kr 50,-
Enkel servering og boksignering



Under Stemmerettsjubileet 1913 - 2013 som feirar hundre år med stemmerett for kvinner blir Fredrikke Marie Qvam løfta fram som ein av dei "fire store" kvinnesakspionerane.








Magnhild Folkvord med boksignering

Folkvord er aktuell med boka "Fredrikke Marie Qvam – rabaldermenneske og strateg".  Fredrikke Marie Qvam var første formann i Norske Kvinners Sanitetsforening og ble i 1898 valgt til formann for den nystarta Landskvindestemmeretsforeningen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede