Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2011

Biblioteket er stengt frå 24. til 28. oktober

Bilde
Grunna omlegging til nytt datasystem Biblioteket er stengt frå måndag 24. til fredag 28. oktober grunna omlegging til nytt datasystem. Datakurset vi har måndag går som planlagt. Laurdag same veke er det ope att. Velkomen innom da!

Populær forfattar

Bilde
Vera Henriksen er født i Oslo i 1927. Familien busette seg fast i Lom i 1978. Ho budde i USA mellom 1946 og 1963. Der studerte ho arkitektur og kunsthistorie. Ho har eit omfattande forfattarskap bak seg . Ho har skrive mange bøker med handling frå mellomalderen og andre historiske epokar. Fleire av bøkene hennar tar opp den problematiske overgangen frå norrøn gudetru til kristendom . Ho debuterte i 1961 med boka Sølvhammeren , som er første del av Sigrid-trilogien. Bok nummer to, Jærtegn , kom i 1962 , og den siste boka, Helgenkongen , kom året etter. Denne serien fekk stor suksess. Henriksen har også skrive sogespel, blant anna Asbjørn Selsbane og Sverdet , og dessutan sakprosa, som historia til Luftforsvaret . På biblioteket har vi laga ei utstilling med bøkene hennar.  Les meir om Vera Henriksen i Store norske leksikon sin artikkel .

Konsert med Tom Roger Aadland

Bilde
Bob Dylan på nynorsk Kom og høyr Aadland syngje frå den nye plata si ”Det du aldri sa” og ”Blod på spora”, Bob Dylan på nynorsk  på biblioteket torsdag 20. oktober kl 19.30. Det blir garantert ein stemningsfull konsert. Her er ein smakebit :) "Vikla inn i Blått" = "Tangled Up in Blue", er ein song av Bob Dylan. Songen er opningssporet på Blood on the Tracks frå 1975. Rolling Stone rangerte songen på 68. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene. Her er den nynorske versjonen: