Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2017
Bilde
God stemning på dokketetater i Skjåk: Frå venstre Hege Løkken, Oddbjørn Løkken, Jarle Berentsen, Anne Lykre, Madeleine Jevnheim, Reodor Bruland og Anders Heggebotten "Bonden får besøk en vinternatt" - eit dokketeater Litt om handlinga Det er snøstorm i skogen. Mannen og kona sit trygt i stova. Da bankar det på døra. Kven er ute i slikt vær? Haren, reven og bjørnen ber om ly for stormen. Men tør mannen og kona sleppe dei inn? Dokketeater med sang, musikk, dans og drama Det vart eit gledeleg gjensyn med skodespelar Jarle Berentsen frå Barnehageteateret . Han har vore i Skjåk fleire gonger tidlegare. Med flotte dokker, kulisser, lys- og lydeffektar losa Jarle oss gjennom den spennande histora om bonden og vinternatta. Jarle er flink til å dramatisere og synge, og han er flink til å engasjere publikum - som også fekk syngje og danse med. Det må seiast at Jarle tykte skjåkværane, frå Dønfoss, Holemork og Bismo barnehage var ekstra flinke. Kona og Bonden i vintern

Fokus på data

Bilde
Jo André Sperstad Fjeld, Mattis Hyrve og Ellen Lund Seniorsurfdagen 2017 Seniorsurf blir arrangert kvar haust i fleire kommunar. Temaet i år var m.a. "sikkerheit". I år samarbeidde vi på biblioteket med Jo André Sperstad Fjeld frå Friviljugsentralen, tre elevar frå Skjåk ungdomsskule og Elling Starrem som er informasjonskonsulent i Skjåk kommune. Vi lærte om sikkerheit på nett, rare ord og symbol og vi fekk gode søketips på google og andre nettstader. Dataproblem? Spør Lars Erik, Mattis og Robin! Vi fekk god hjelp av Lars Erik Kvisberg, Robin Melby og Mattis Hyrve denne dagen. Dei tre unge karane går i 9. klasse ved Skjåk ungdomsskule.  Kvar måndag mellom kl 12.45 - 14.00 er dei å treffe på Skjåk Friviljugsentral. Dei har god greie på data og dei kan hjelpe deg og/eller svare på spørsmål som gjeld mobiltelefon, nettbrett og data. Dei serverer visst kaffi og biteti også.  Lars Erik Kvisberg, Robin Melby, Mattis Hyrve, Kristi G. Bakken og Kjell John

Seniorsurfdagen 2017

Bilde
Frå eit tidlegare datakurs v/biblioteket. Foto: Sigrun Eide Norges største landsdekkande IT-arrangement Skjåk folkebibliotek har hatt Seniorsurf i fleire år, i år er også Skjåk Friviljugsentral med som arrangør. Dagen er meint som eit lavterskel-tilbod for seniorar. Kva og når? Stad: kommunestyresalen i Skjåk. Inngang biblioteket eller servicetorget Tysdag 10. oktober kl 10 - 14 Tema vi skal innom Sikkerheit på nett Lag gode passord Rare ord og symbol Søketips - google Arrangementet er gratis og vi skal ha enkel servering. Bli med da vel! Kanskje veit du om nokon som kan tenkje seg å vere med? Meld deg på til Skjåk folkebibliotek, tlf 909 47 020 v/Sigrun Eide eller Hanne Gran Skjåk Friviljugsentral, tlf 900 42 055 v/Jo-André Sperstad Fjeld Frå eit tidlegare datakurs med m.a. Anna Steinbakke, Erika Bøhle og Wenche S. Moen. Foto: Sigrun Eide