Dokketeater på Skjåk folkebibliotek m/Jarle Berentsen.
God stemning på dokketetater i Skjåk: Frå venstre Hege Løkken, Oddbjørn Løkken, Jarle Berentsen, Anne Lykre, Madeleine Jevnheim, Reodor Bruland og Anders Heggebotten


"Bonden får besøk en vinternatt" - eit dokketeater

Litt om handlinga
Det er snøstorm i skogen. Mannen og kona sit trygt i stova. Da bankar det på døra. Kven er ute i slikt vær? Haren, reven og bjørnen ber om ly for stormen. Men tør mannen og kona sleppe dei inn?

Dokketeater med sang, musikk, dans og drama
Det vart eit gledeleg gjensyn med skodespelar Jarle Berentsen frå Barnehageteateret. Han har vore i Skjåk fleire gonger tidlegare. Med flotte dokker, kulisser, lys- og lydeffektar losa Jarle oss gjennom den spennande histora om bonden og vinternatta. Jarle er flink til å dramatisere og synge, og han er flink til å engasjere publikum - som også fekk syngje og danse med. Det må seiast at Jarle tykte skjåkværane, frå Dønfoss, Holemork og Bismo barnehage var ekstra flinke.



Dokketeater på Skjåk folkebibliotek m/Jarle Berentsen.
Kona og Bonden i vinternatta


Dokketeater på Skjåk folkebibliotek m/Jarle Berentsen.
Forteljaren Jarle Berentsen


Dokketeater på Skjåk folkebibliotek m/Jarle Berentsen. Foto: Sigrun Eide
Flott publikum (60 stk): Ungane var rolege når dei skulle vere rolege - og dei dansa og sang med når dei skulle det.

Dokketeater på Skjåk folkebibliotek m/Jarle Berentsen.
Vi fekk bli med backstage :) Her traff vi Jarle Berentsen og lys- og lydmannen hans.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede