Innlegg

Viser innlegg fra november, 2011

Stemningsfull konsert

Bilde
Svein Bjotveit Mange tok turen til biblioteket torsdag kveld for å få med seg lanseringa av cd-en til Svein Bjotveit -  "Kjeåsen blå". I løpet av dei siste 40 åra har han skrive omlag 150 viser, 12 av dei er på denne cd-en. Svein seier at har har laga ei "naken" plate der tekstene får stå i sentrum. Han har skrive alle tekstane og melodiane sjølv. Vi fekk høyre fleire stemningsfulle viser og det var tydeleg at publikum kosa seg. Ei av visene skilte seg ut med raskare rytmne og eit humoristisk preg, nemleg tittelsporet "Kjeåsen blå". Her er  fyrste verset med refreng. Visa har 7 vers. Kjeåsen blå Ein dag va' all mi tvil forbi eg stimde te budeia mi Hu låg der med sitt krydderi og venta på litt frieri Hormonene va' gått amok eg for opp langs eit geiteråkk øve berg og ur og stokk te hu' så drog med lur og lokk E' det liv, e' det lov, e' det lov, e' det liv har du lust, har du lov, e' du tyst, ta ein tår. Eg tip

Visekonsert

Bilde
Lanseringskonsert Torsdag 24. november kl 19.30 er det lanseringskonsert med Svein Bjotveit på biblioteket. Kom og høyr Svein opptre med eigne viser frå den nye CD-en sin, "Kjeåsen blå". Det er gratis inngang og enkel servering :) Velkomen!  

Lunsj og lyrikk i Vågå

Bilde
Bokhandelen kafè i Vågå Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter, underheld med fjelldikt, visesong og folkemusikk på Bokhandelen kafé i Vågå laurdag 12. november kl. 12.00. Det er biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen i samarbeid med Mållaget Ivar Kleiven som står for arrangementet. Velkomen!

Datakurs

Bilde
Datakurset hausten 2011 I dag har vi avslutta det årlege datakurset vi har på biblioteket. Nytt av året er at vi har hatt eit samarbeid med Eldrerådet i Skjåk og Oppland fylkesbibliotek. Vi har vore innom ulike tema som tekstbehandlig, tastatur, nettbank, internett, e-post m.m. Kurset vart avrunda med ein "uhøgtidleg" eksamen kor samtlege deltakarar fekk BESTÅTT. Deltakarane gav uttrykk for at dei var nøgde med kurset og at dei ynskjer fleire kurs. Artikkel frå "Fjuken" 3. november 2011: Klikk på artikkelen for større tekst