Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2015

Plateslepp tysdag 7. april

Bilde
Plateslepp og minikonsert Jotunheimen Underholdning skal ha plateslepp og ein liten minikonsert på Skjåk folkebibliotek tysdag 7. april kl 19. Songane på plata er med på den populære familieframsyninga "Snigla som sykla - og andre barnerim" -  som blir å sjå seinare denne veka i Utgard i Lom. Gratis inngang! Les meir om familieframsyninga her. Cd med tonesette barnedikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk Jotunheimen Underholdning, gruppa bak Diktarplager og Nordalsnissane, er attende med ei musikalsk familieforestilling som har fått namnet: "Snigla som sykla - og andre barnerim av Jan-Magnus Bruheim." Ein diktar slit med å få ferdig ei ny bok . Han har mista fantasien sin og klarar ikkje lengre å rime! Plutseleg kjem boka han jobbar med til liv og han får besøk av ei jente han har skrive inn i boka. Ho vil hjelpe han å finne dei rette rima. Det er lett seier ho! Det er berre å sjå inn i fantasien og finne dei rette dyra. Etterkvart f

Opningstider påskeveka 2015

Bilde

Geitekillingen som kunne telje til 10

Bilde
Teater på biblioteket i dag I dag har vi hatt dokketeater for alle barnehagane i Skjåk. Anette Løbach, frå Barnehageteater , fortalde og dramatiserte eventyret med stor innleving. Anette Løbach og Geitekillingen som kunne telje til 10 Anette fekk mange gode innspel frå publikum :) Her er alle dyra trygt i båten, eller... ? – Kom og hjelp, gol hanen. – Skuta går ned! Da vart alle dyra redde,  men så skreik hanen igjen:  – Er det nokon av dykk som kan telje?  – Eg kan! sa geitekillingen. Til slutt fekk publikum fekk helse på Anette og dyra  Snipp, snapp, snute hugsar du ikkje korleis eventyret sluttar når det er ute? Her kan du lese eventyret

Bokbussen Oppland

Bilde
I avisa Fjuken 12/3-15 Bokbussen Oppland i ny drakt

Geitekilligen som kunne telle til ti

Bilde
1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10 Geitekillingen som kunne telle til 10 er ei forestilling v/Anette Løbach frå Barnehageteater. Forestillinga passar for barn frå 3 år og varer i 25 min. Gratis inngang! Velkomen! Her kan du lese meir om Barnehageteater:  barnehageteater.no

Død manns kiste

Bilde
Ny krimbok Raghild Kolden og Vigdis Kroken presenterer den nye krimboka si på Skjåk folkebibliotek måndag 16. mars kl 19. Bokkveld og boksignering Då Kroken & Kolden gav ut den første kriminalromanen sin, Evig skal døden vera i 2011, kåra Dagbladet boka deira til beste krimbok den våren. Duoen følgde opp med Døden kjem med bussen i 2013, og er no attende med den tredje boka i serien, ei mørk og underhaldande mordgåte. Gratis inngang - enkel servering. Velkomen!