Plateslepp tysdag 7. april

Plateslepp og minikonsert

Jotunheimen Underholdning skal ha plateslepp og ein liten minikonsert på Skjåk folkebibliotek tysdag 7. april kl 19. Songane på plata er med på den populære familieframsyninga "Snigla som sykla - og andre barnerim" -  som blir å sjå seinare denne veka i Utgard i Lom.

Gratis inngang!

Les meir om familieframsyninga her.













Cd med tonesette barnedikt av forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk

Jotunheimen Underholdning, gruppa bak Diktarplager og Nordalsnissane, er attende med ei musikalsk familieforestilling som har fått namnet: "Snigla som sykla - og andre barnerim av Jan-Magnus Bruheim." Ein diktar slit med å få ferdig ei ny bok . Han har mista fantasien sin og klarar ikkje lengre å rime! Plutseleg kjem boka han jobbar med til liv og han får besøk av ei jente han har skrive inn i boka. Ho vil hjelpe han å finne dei rette rima. Det er lett seier ho! Det er berre å sjå inn i fantasien og finne dei rette dyra. Etterkvart finn dyra og rima fram til diktaren ein etter ein - så får vi sjå om det blir ei heil bok etter kvart. Kom og møt ein kveks som vil ta bussen, ein hjort som vil bli rein, ei fluge som berre tenkjer på kor vakker ho er, ei åme som vil ut i verda, ein hare som skryt at han kan lyfte eit fjell, ein sommerfugl som ser ut som ein blome, ein hest og ei mus som er vener, ei snegle som kan sykle og ei høne som seier ho har lagt verdas største egg og..... kanskje enno fleir? Kvifor er dyra redde for oss? Og kvifor finn ikkje dei vaksne vegen inn til fantasien? Det er jo den enklaste staden vi kan reise til!  Snigla som sykla hadde premiere på seinhausten 2014 og fekk svært gode attendemeldingar. Sidan den gong har gruppa spelt inn cd og no er dei på lanseringsturnè.

Medverkande
Produsent: Jotunheimen Underholdning
Tekstgrunnlag: Jan-Magnus Bruheim
Band/Aktørar: Lars Bakke, Camilla Granlien, Ole Foss, Kenneth M. Lewis, Endre Skjåk, Reidar Svare.
Produksjonsleder, manus, regi og scenografi: Endre Skjåk
Musikk: Lars Bakke/Endre Skjåk
Musikkprodusent/lydteknikk: Kenneth M. Lewis
Musikalske arrangement: v/samtlege medverkande musikarar
Lysdesign/lysteknikk: Kai Rune Melby
Illustrasjonar: Bjørn Krey
Kulisser: Kristin Giske
Grafisk design: Løwehjerte design v/Morten Løwe

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede