Kunstutstilling
Fin kunst Det var kulturskulelærar Runa Aurmo, rådmann Jan Rune Fagermoen og elevar ved Skjåk kulturskule som sto for opninga av den årlege kunstutstillinga på Skjåk folkebibliotek. Etter mange fine ord og klypping av snor, fekk vi servert både champagne og snittar... (mozell og brownies). Kom å sjå den fine kunsten! Her skal du få ein smakebit: 100 på konsert Seinare på kvelden hadde karusellgruppa ved kulturskulen framsyning av både teater og song. Det er berre å gle seg til den store kulturskulekonserten "Vil du vere med så heng på..." 26. mai, da kan nemleg du òg både sjå og høyre dei flinke elevane. Karusellgruppene og Runa