Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2020

Spennande dystopi for barn og ungdom

Bilde
Alene 1 - Forsvinningen av Gazzotti og  Vehlmann Fem ungar vaknar opp i ein by der alle bebuarane har forsvunne på mystisk vis i løpet av natta. Alle, inkludert mamma og pappa, er borte vekk. TV og internett har slutta å fungere. Ungane finn kvarandre. Redde og fortumla prøver dei å finne ut kva som har skjedd og korleis dei skal klare seg i ei ny og farleg verd. Dei må lære å overleve… ALEINE. (Eller…er dei eigentleg aleine?) Historia har nerve frå fyrste stund. Spenningsnivået er høgt og held seg gjennom heile serien. Dette er e in lettlesen og spennande teikneserietriller som anbefalast frå 10 år og langt oppover. Så langt er seks bøker i denne serien oversatt til norsk. Vi har dei på biblioteket. Løp og lån :) Alene 1 – Forsvinningen Av Fabien Vehlmann og Bruno Gazzotti ISBN 9788293569008 46 sider QlturRebus Forlag

358 bøker i bokjuletreet vårt

Bilde
Juletreet til Skjåk folkebibliotek inneheldt 358 bøker I desember hadde vi ein aldri så liten gjettekonkurranse her på biblioteket. Vi bygde eit juletre av bøker, og oppgåva vart da å gjette kor mange bøker vi brukte. Det kom inn 135 forslag. Det var Oda Iren Langleite som gjetta best, ho gjetta 356 bøker og vann dermed 1. premien, som var eit gåvekort på kr 400,- på Skjåk kjøpesenter. Lina Byre, Laila Storkjørren Odden og Margrethe Sperstad vann kvar si bok. Lina Byre vann den nye ungdomsboka til Magnhild Bruheim,  "Avlyst på grunn av sorg"

Vinterles 2019-2020

Bilde
Ein lesekonkurranse for vaksne  1. november - 1. april Vi er godt i gang med årets Vinterles. Kom innom biblioteket og hent deg eit skjema og få boktips, fyll ut fem bøker og få eit fint Vinterles-krus.  Når du har levert skjemaet ditt, er du med i trekninga av ein middag for to på Kongsvold fjeldstue.  I år inneheld skjemaet ein lesebingo og her kan du vinne bokpremiar. Hovudpremien er sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk og Skjåk Energi. Bli med da vel :)