Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2012

Gunnar Bentdal med foredrag om Sigurd Einbu

Bilde
Skjåk folkebibliotek tysdag 30. oktober kl 19 Arrangør: Skjåk folkebibliotek og Skjåk historielag Song ved Vox Morsem Enkel servering  Velkomen!   Sigurd Einbu ( 1866 - 1946 ) Han var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Lik bror sin, Ragnvald , var han som gut interessert i teikning og måling. Far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden. Einbu vart så lærar i Øyer , seinare Vågå og Sel til han vart tilsett på Dombås i Dovre kommune i 1896. Der var han lærar til 1910, da han gjekk av for å ofre seg på heiltid for den store vitskaplege interessa han hadde hatt frå han var ungdom: astronomien. Einbu skreiv sjølv om korleis han kom i gang med å kike på stjernene i Norsk populær-astronomisk tidsskrift i 1944. Han fekk låne ein god jaktkikkert av ein kamerat den hausten han kom til Dombås, og med den leita han seg fram til