Gunnar Bentdal med foredrag om Sigurd Einbu



Skjåk folkebibliotek

tysdag 30. oktober kl 19


Arrangør: Skjåk folkebibliotek og
Skjåk historielag

Song ved Vox Morsem
Enkel servering
 Velkomen!



 Sigurd Einbu (1866 - 1946)

Han var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Lik bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling. Far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden. Einbu vart så lærar i Øyer, seinare Vågå og Sel til han vart tilsett på Dombås i Dovre kommune i 1896. Der var han lærar til 1910, da han gjekk av for å ofre seg på heiltid for den store vitskaplege interessa han hadde hatt frå han var ungdom: astronomien.

Einbu skreiv sjølv om korleis han kom i gang med å kike på stjernene i Norsk populær-astronomisk tidsskrift i 1944. Han fekk låne ein god jaktkikkert av ein kamerat den hausten han kom til Dombås, og med den leita han seg fram til «ei mengd vakre stjernehopar og dobbeltstjerner». Seinare kjøpte han ein langkikkert som forstørra om lag 50 gonger, og han fekk kontakt med fagfolk som hjelpte han med store stjernekart. Han og kona budde på Brennøygarden, eit bruk som låg høveleg til for å observere himmelen, og der bygde han observatorium for ein større kikkert han fekk utlånt av Nansenfondet i 1906. Seinare fekk han stipend slik at han kunne ofre seg for arbeidet på fulltid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede