Skrivekurs Vi arrangerer skrivekurs med Magnhild Bruheim for alle elevane på Skjåk ungdomsskule. Arr: Bruheim-nemnda, Skjåk folkebibliotek, Skjåk ungdomsskule og Sparebank 1 Lom og Skjåk Magnhild er fødd og oppvaksen i Skjåk. I dag bur ho på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Ho har skrive i alt 15 bøker, seks av dei er krimbøker, fem er spenningsbøker for ungdom. I tillegg har ho gjeve ut ein historisk roman, «Trolldomskraft» og ein oppvekstroman, «Det som ein gong var». Les mer om Magnhild og bøkene på Magnhild Bruheim si forfattarside .