Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2014

Bjørn Hansen

Bilde
  "Hvor går USA etter Obama?" Bjørn Hansen er ein tidlegare norsk journalist og utanriksreporter som har jobba for NRK i 30 år. Han har jobba mykje med utanrikspolitisk stoff med sterk vekt på amerikansk politikk.   Arr: Skjåk folkebibliotek, Friviljugsentralen og Folkeakademiet Velkomen til Skjåk folkebibliotek måndag 20. oktober kl 14.

"Gjev meg ei stund med stille"

Bilde
Kirsti Maanum og Tore Jørgen Rødølen har laga eit program dei har kalla "Gjev meg ei stund med stille". Her får lyrikken til Jan-Magnus Bruheim fint fylgje av folkemusikk, folketonar og klassisk musikk med cello, nyckelharpa og feler.

Dukketeater med Kirsti Maanum

Bilde

Klovnen Knut

Bilde
VERDAS BESTE MIDDAG I denne forestillinga inviterer Klovnen Knut sin beste firbente venn til eit utsøkt måltid. Faktisk verdas beste middag. Det er mykje som skal gjerast for Klovnen Knut. Han må pynte og dekkje bordet. Han må lage mat til gjesten sin, Rufus Roff. Det er mykje å hugse på og det er visst ikkje alltid like lett å halde tunga rett i munnen, alt går vel ikkje heilt etter oppskrifta. Her er det duka for tryll og tøys, overraskingar og misforståingar etter kvart som den raudnasa verten gjer i stand til det gode måltidet. Og så er det Rufus Roff da, ein firbeint sjarmerande ulldott som ikkje akkurat gjer jobben til middagsverten enklare, men derimot VELDIG morosam og magisk. TULLEKUNSTNAR Klovnen Knut er utdanna førskulelærar, men arbeider heiltid som klovn/gjøglar eller tullekunstner. Det som gjer Klovnen Knut spesiell er originalitet og allsidigheit samt evna hans til å underhalde barn og vaksne samstundes. NB! Har du angst for søl og lek med mat? Slapp av

Ei utstilling av Bodil Daae

Bilde
Vakkert med akryl, olje, kull og blyant Bodil Daae har drive med maling og teikning sidan 2006. I 2011 fullførte ho eit toårig kunstfagstudium ved Nydalen kunstskole i Oslo. I etterkant har ho spesialisert seg på portrettmaling. Ho maler og teiknar portrett etter fotografi. Ho brukar ulike teknikkar som  akryl-og oljemaling, og  teikning med blyant eller kull. Utstillinga gjev eit lite innblikk i arbeidsprosessen hennar.

SOMMAR + BOK 2014

Bilde
Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja Nesten 5 000 lesne bøker i sommarferien I år er det sjuande året biblioteka i Norddalen inviterte til felles lesekonkurranse i skuleferien. Konkurransen heiter SOMMAR + BOK og alle 6 – 15 åringar vart oppmoda om å vere med. Oppgåva var å lese minst 5 bøker, skrive dei opp i eit leseskjema og levere skjemaet attende til biblioteket innan 1. september. Det har vore ei jamn auke på innleverte skjema og lesarar kvart år. I år vart totalt 374 deltakarar som leverte 992 skjema med til saman 4 960 lesne bøker. Både foreldre og lærarar i skulen tykkjer det er positivt at ungane får inspirasjon til å vedlikehalde lesinga i sommarferien. Populære armband og gjeve premiar For kvart skjema lesarane leverte inn, fekk dei eit armband. Armbanda har forskjellige fargar med ulike lokale uttrykk som: «Sommar + Bok» (gult band), «Hell du da?» (lilla band) , «Ha’u lese denna?» (turkis band) og sist, men ikkje minst det gjevaste bandet «Svart belt