Klovnen Knut

VERDAS BESTE MIDDAG
I denne forestillinga inviterer Klovnen Knut sin beste firbente venn til eit utsøkt måltid. Faktisk verdas beste middag. Det er mykje som skal gjerast for Klovnen Knut. Han må pynte og dekkje bordet. Han må lage mat til gjesten sin, Rufus Roff. Det er mykje å hugse på og det er visst ikkje alltid like lett å halde tunga rett i munnen, alt går vel ikkje heilt etter oppskrifta. Her er det duka for tryll og tøys, overraskingar og misforståingar etter kvart som den raudnasa verten gjer i stand til det gode måltidet.

Og så er det Rufus Roff da, ein firbeint sjarmerande ulldott som ikkje akkurat gjer jobben til middagsverten enklare, men derimot VELDIG morosam og magisk.


TULLEKUNSTNAR
Klovnen Knut er utdanna førskulelærar, men arbeider heiltid som klovn/gjøglar eller tullekunstner.
Det som gjer Klovnen Knut spesiell er originalitet og allsidigheit samt evna hans til å underhalde barn og vaksne samstundes.

NB! Har du angst for søl og lek med mat? Slapp av - her er det meste på det tørre.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren