Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2019

Alle elskar Klovnen Knut

Bilde
Vi har hatt besøk av elleville Klovnen Knut - til stor glede for både store og små. Vi var 100 personar her, og det var ungar og vaksne frå alle barnehagane + 1., 2. og 3. klasse + nokre vinterferiegjestar + ordførar Elias Sperstad .  Alle fekk trimma lattermusklane sine skikkeleg. Klovnen Knut er parlaus! Alle elskar Klovnen Knut. Foto: Sigrun Eide Klovnen Knut Klovnen Knut Klovnen Knut fekk med seg ein bok av Jan-Magnus Bruheim Ein bitteliten videosnutt med Klovnen Knut

Vinterles

Bilde
Lesekonkurransen Vinterles Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har i vintermånadane  ein felles leselystaksjon/lesekonkurranse for vaksne, frå 15/11 til 15/4. Mari Brenna frå Skjåk er med Bli med du også Oppgåva er å lese minst 5 bøker. Leseskjema finn du i ditt bibliotek. Alle deltakarane får kvart sitt krus og er med i trekkinga av hovudpremien som er middag for 4 personar på Billingen Seterpensjonat i Skjåk.  Bibliotekturné Vi avsluttar Vinterles med eit forfattarbesøk av Jan Ove Ekeberg, han skal besøkje alle Nordalsbibilioteka. Han kjem til Skjåk 25. april kl 20. Velkomen innom! Premiane er sponsa av biblioteka, SpareBank 1 Lom og Skjåk og Billingen Seterpensjonat.