Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2022

"Verdensdagen for psykisk helse" er 10. oktober

Bilde
I dag er det «Verdensdagen for psykisk helse». Fredag var vi med og markerte dagen. Geir Byre spelte, song og fortalde om si erfaring med psykisk helse og kor viktig det er å tore og be om hjelp. Det var sterkt og fint! Sjukepleiarstudent Anja Smedsmo hadde eit fint innlegg til ungdommen der ho m.a. fokuserte på at du skal våge å vere deg sjølv, at du må vere eit godt medmenneske og at du må strekkje ut ei hand til dei som står utanfor. Flink dame! Toril Renate Aabakken informerte om korleis Psykisk Helseteneste Lom & Skjåk jobbar og kva dei kan tilby. Vi hadde invitert 9. klassingane, til saman vart det 60 personar «i salen». Til slutt kosa vi oss med lunsj sponsa av Psykisk Helseteneste Lom og Skjåk. Torill Renate Aabakken Jotun og Anja Smedsmo frå "Psykisk helseteneste Lom og Skjåk" Geir Byre - ein musikalsk og "luggum" kar Lunsj hjå Skjåk folkebibliotek