Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2021

Sommarles frå 1. juni

Bilde
  Snart Sommarles.no Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no . Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Skjåk vere med på Norges kulaste lesekampanje saman med barn frå heile landet. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen i ein periode der han vanlegvis blir svekt .   Sommarles.no gjer det artig å lese Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les. Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og   varer fra 1. juni til 31. august. Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve. I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket. Nettsida Sommarles.