Sommarles frå 1. juni

 

Snart Sommarles.no

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Skjåk vere med på Norges kulaste lesekampanje saman med barn frå heile landet.

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

 
Sommarles.no gjer det artig å lese

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.

  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.

  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.

Nettsida Sommarles.no opnar 1. juni og kampanjen varer til 31. august. Før 1. juni kan du sjekke altom.sommarles.no for meir informasjon.

Bli med da vel :)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede