Innlegg

Viser innlegg fra april, 2010

Abrakadabra Teateret

Bilde
.. . BOKstavelig talt BOKstavelig talt Onsdag trilla vi bokreolane til sides og gjorde klart for teater. Vel 80 personar var møtt fram for å få med seg framsyninga BOKstavelig talt. Abrakadabra Teatret med Trond og Annemor Magnum, gav oss ein time med song, musikk og dramatisering av forskjellige bøker. Alt  krydra med ein stor dose humor. Vi fekk m.a. høyre songen "Lille Petter Edderkopp" i mange versjonar, og nyseversjonen  var så populær at Trond måtte syngje den ein gong til. Elles fekk vi smakebitar av forskjellige forfattarar som Arne Svingen, Alf Prøysen, Astrid Lindgren og Merete Morken Andersen. Vi fekk også ei dramatisering av Trond Magnum sin eigen, moderne versjon av "Bukkene Bruse". Trond fekk god kontakt med publikum, eit publikum som song med og som engasjerte seg i dramatiseringa av  forteljingane og songane. Dette var ei framsyning som felt i smak, og vi håpar på eit gjensyn med Trond og Annemor. Lagt inn av: Sigrun

Verdas bokdag

Bilde
I dag 23. april Verdas bokdag blir feira i over 100 land. Det er ein internasjonal dag stifta av UNESCO i 1995. Bokdagen har sin bakgrunn i Katalonia. Frå midten av 1400-tallet har katalanarane feira sin skytshelgen Sankt Georg 23. april. I nyare tid har dagen vore markert ved boksal i gatene og utdeling av roser til kjøparane. Bokdagen er ei markering av boka si rolle i samfunnet, boka som utrykksform, for språkleg og kulturelt mangfold, for utdanning og for kommunikasjon. Vi feirar dagen med kaffe, saft, kjeks og ballongar. I neste veke skal vi ha teater og klassebesøk. Velkomen innom!

Teater

Bilde
. ”BOKstavelig talt” Onsdag 28. april kl 11.00 kjem Abrakadabra Teatret til Skjåk folkebibliotek. Dei har i samband med leseåret 2010 laga ei humoristisk og sjarmerande framsyning som heiter ”BOKstavelig talt”. Vi får høyre om både ”nye” og ”gamle” forfattarar, og det blir smakebitar frå nokre bøker dei vil at vi skal lese. Dei har òg laga ein moderne versjon av eventyret om dei tre bukkane Bruse. Med Abrakadabrasong, musikk og overraskingar ynskjer vi dykk velkomne til teaterframsyning. Framsyninga passar for barn frå 4 år til 4. klasse. Velkomen! Lagt inn av: Sigrun

Nervepirrande krim

Bilde
 . Harlan Coben - Hold tett Tia og Mike Baye hadde aldri trudd dei skulle spionere på sin eigen tenåringsson. Men Adam har vore uvanleg fjern i det siste. Og etter sjølvmordet til venen Spencer, kan dei ikkje la vere å bekymre seg. I sin desperasjon over at dei føler at dei mistar kontrollen, legg dei inn eit spionprogram på Adam sin PC. Dei oppdagar etter kvart ei merkeleg melding frå ein ukjend avsendar. Meldinga er klar - hold tett, så går alt bra! Også forsvinn Adam.  Dramaet er i gang. Du blir kasta inn i alle foreldres verste mareritt. Ein tenåring forsvinn, ei mor sørgjer over sin sons sjølvmord, ein gut har eit desperat behov for ny nyre frå sin biologiske far og ein lærar har trakassert ein elev. I tillegg finn politiet ei drept kvinne i byens horestrøk. Andletet hennar er maltraktert til det ugjenkjennelege. Men er ho verkeleg prostituert? Kven er ho? Du blir involvert i mordarens tragiske bakgrunn.  Bli med på ein desperat jakt etter sanninga. Coben samlar på utmerka v

Reklamefilm for bibliotektenester

. Universitetsbiblioteket i Bergen har vunne 3. premie i den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLAs konkurranse om beste reklamefilm for bibliotektjenester. Gratulerer! Filmen vart nummer tre av 26 innsendte bidrag frå 13 land i konkurransa om 8th IFLA International Marketing Award. Filmen som ligg ute på Youtube, er sett nesten ti tusen gonger. Sjå filmen på Youtube: