Teater

.
”BOKstavelig talt”



Onsdag 28. april kl 11.00 kjem Abrakadabra Teatret til Skjåk folkebibliotek. Dei har i samband med leseåret 2010 laga ei humoristisk og sjarmerande framsyning som heiter ”BOKstavelig talt”. Vi får høyre om både ”nye” og ”gamle” forfattarar, og det blir smakebitar frå nokre bøker dei vil at vi skal lese. Dei har òg laga ein moderne versjon av eventyret om dei tre bukkane Bruse. Med Abrakadabrasong, musikk og overraskingar ynskjer vi dykk velkomne til teaterframsyning. Framsyninga passar for barn frå 4 år til 4. klasse.


Velkomen!


Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren