Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Erik Lukashaugen

Bilde
Velkomen på konsert I 2018 er det 100 år sidan lyrikaren Hans Børli vart født.  Erik Lukashaugen er visesongaren frå «skogane». Han kjem frå Elverum og fekk sitt gjennombrot ved utgjevinga «Av en sliters memoarer» i 2013 med tekster av Hans Børli. To år seinare kom plata «Tel si eiga tid», ei plate med fleire sjølvskrivne tekster frå hans eige miljø. Begge platene har fått særs rosande omtale i media. No kjem han til Skjåk folkebibliotek med:   "Vi eier skogene - Hans Børli i toner" tysdag 17. april kl 19 inngang kr 50,- arr: biblioteket, Folkeakademiet og Den kulturelle spaserstokken

BokLeik på biblioteket

Bilde
Tysdag denne veka var det "BokLeik" på biblioteket i Skjåk. Her var skulestartarane og 1. klassingane våre. Forfattaren og illustratøren Camilla Kuhn heldt eit artig foredrag for oss. Store og små storkosa seg. Camilla er på bibliotekturne i regi av Norsk Litteraturfestival og fylkesbiblioteka i Hedmark og Oppland. Takk for eit flott samarbeid! Vi fekk høyre den spennande historia om "Samira og skjelettene" Litt om handlinga: Ein dag står læraren der og seier noko fælt: Inne i kroppen har vi skjelett, med hovudskalle og ribbein og ryggvirvlar og… Dette trur ikkje Samira noko på, noko så ekkelt. Etter timen blir alt vanskeleg. Det går jo ikkje an å ete med munnen full av skjelett, eller prate. Og i gymtimen kjenner ho at skjelettet er der heile tida. Men mamma veit råd. Vi tek det vekk, seier ho og ordnar med bøtte og plaster og verkty. Da blir Samira litt i tvil. Og når mamma forslår at dei byrjar med hovudet, da flyktar skjelettet. Til leikeplassen og bestevenn

Teikneseriar

Bilde
Engasjert teikneserieformidlar Are Flaten jobbar ved Lom folkebibliotek, bur i Skjåk og han elskar teikneseriar. Torsdag denne veka hyra Skjåk folkebibliotek han inn i 8. klasse for å fortelje om sin store lidenskap. Vi var så heldige å få vere med i klasserommet der Are heldt eit  inspirerande foredrag om teikneseriar sett i eit historisk perspektiv. Vi fekk også mange gode tips til vidare lesing. Etter endt foredrag gjekk vi til biblioteket der alle elevane lånte seg kvar sin teikneserie. Are Flaten og teikneseriane 8. klassingane Sigrid Visdal, Paula G. Kjeka og lærar Marianne Dagsgard 8. klassingane Hayla Kjeken, Emilie Skriden og Feruz Estifanos Tesfay

Bokleik 2018

Bilde
Camilla Kuhn er ein våre dyktigaste illustratørar og barnebokforfattarar. No er ho klar som Bokleik-forfattar. Ho kjem til Skjåk folkebibliotek tysdag 10. april kl 12. Kva er Bokleik? Bokleik er eit årleg bokprosjekt der ein barnebokforfattar eller illustratør dreg ut på turné til alle folkebiblioteka i Oppland. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle de 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle skulestartarar i Oppland, og å vise at det er mange vegar inn i boka.