Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2021

I fyr og flamme med Sommarles

Bilde
Torsdag kveld hadde vi avslutningsfest for leselystaksjonen "Sommarles". Vi rydda biblioteket, slo av røykvarslaren og hyra inn ei brannvakt slik at 100 personar fekk med seg showet til Forskar Fredrik. Han synte fram vitskapelege triks med store smell og mykje røyk til stor begeistring for publikum. Undervegs var det premieutdeling. 3. klassingen Agnes Sperstad vann hovudpremien, eit gåvekort på kr 1000,-. I tillegg var det fleire uttrekkspreimar. Held deg fast! Her er Forskar Fredrik i aksjon: Forskar Fredrik var i fyr og flamme Dette fine hjartet fekk vi hjå Idun Her ser du nokre av vinnarane. Frå venstre: Agnes Sperstad, Marius Lund, Idun Taraldsrud, Esten Brukveen Borgström, Johanne Galde Tråstad og Vilde Holø. Foran: Forskar Fredrik  Premieoversikt Vinnar av hovudpremien: Agnes Sperstad Vinnarane av kvar sin uttrekkspremie: Marius Lund, Mikkel Teigen, Idun Taraldsrud, Johanne Galde Tråstad, Ylva Prestjordet, Vilde Holø, Esten Brukveen Borgström og Jon Sigurd Forberg.  V