I fyr og flamme med Sommarles

Torsdag kveld hadde vi avslutningsfest for leselystaksjonen "Sommarles". Vi rydda biblioteket, slo av røykvarslaren og hyra inn ei brannvakt slik at 100 personar fekk med seg showet til Forskar Fredrik.

Han synte fram vitskapelege triks med store smell og mykje røyk til stor begeistring for publikum. Undervegs var det premieutdeling. 3. klassingen Agnes Sperstad vann hovudpremien, eit gåvekort på kr 1000,-. I tillegg var det fleire uttrekkspreimar.

Held deg fast!
Her er Forskar Fredrik i aksjon:



Forsker Fredrik. Foto: Sigrun Eide
Forskar Fredrik var i fyr og flamme


Dette fine hjartet fekk vi hjå Idun.
Dette fine hjartet fekk vi hjå Idun

Forsker Fredrik og vinnarane av Sommarles 2021 i Skjåk. Foto: Sigrun Eide
Her ser du nokre av vinnarane. Frå venstre: Agnes Sperstad, Marius Lund, Idun Taraldsrud,
Esten Brukveen Borgström, Johanne Galde Tråstad og Vilde Holø. Foran: Forskar Fredrik 



Premieoversikt

Vinnar av hovudpremien: Agnes Sperstad

Vinnarane av kvar sin uttrekkspremie: Marius Lund, Mikkel Teigen, Idun Taraldsrud, Johanne Galde Tråstad, Ylva Prestjordet, Vilde Holø, Esten Brukveen Borgström og Jon Sigurd Forberg. 

Vinnarene som ikkje var til stades, har fått bøkene sine no.


Leseoversikt

  • 😉 I Skjåk var det med 96 ungar på Sommarles i år
  • 😁 Dei las 1945 bøker som er 215990 sider
  • 😃 Bra jobba til ungane, føresette og lærarane... og bibliotekarane



Om Sommarles: Sommarles

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede