Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2018

Konsert for barn

Bilde
Velkomen til Skjåk folkebibliotek måndag 22. januar kl 10, da kjem musikaren Hege Rimestad med forestillinga «Dyriske strofer». Kva er «Dyriske strofer»? Det er eit nytt konsertprogram for dei minste, prega av songglede, nysgjerrighet på natur og dyreliv, samt ein god porsjon påfunn og fantasi. 4 - 8 åringar er midt i målgruppa for denne konserten. Tenk at alle bøker ein gong har vore eit tre! I trea har det budd maur, mus, ekorn - og kanskje ein bokfink? I biblioteket er det mange bøker - ein heil skog! Hege slår opp teltet sitt i biblioteket. På turen har ho med fele, ukulele og termos, og mange songar om dyra vi kan møte i skogen. Du lurar kanskje på kva ei strofe er? Bli med til Hege sitt telt, så får du høyre. Ta gjerne med ein song du likar om eit koseleg, rart, søtt eller farleg dyr. Forestillinga varar i om lag 35 min. Gratis inngang.