Innlegg

Viser innlegg fra september, 2015

Konsert

Bilde
Vise-efta Erik Lukashaugen frå Hedmark fekk sitt gjennombrot som artist i 2013 etter å ha tonesett dikt av Hans Børli. På denne konserten får vi høyre Erik Lukashaugen med viser frå den nye plata «Tel si eiga tid» og Annar By med tonesette dikt av m.a. Børli, Vesaas og Skjæraasen. Inngang kr 100,- (barn gratis) Arr: Skjåk folkebibliotek og Den kulturelle spaserstokken Velkomen! Terningkast 6 i Østlendingen Les omtale av den nye plata "Tel si eiga tid" Sjå og høyr ein tøff musikkvideo av Lukashaugen!

Teater - Karius og Baktus

Bilde
Velkomen til teaterforestilling Laurdag 19. september kjem "Barnehageteatret" til Skjåk med forestillinga "Karius og Baktus". Forestillinga er basert på Thorbjørn Egners populære litteratur. Forestillinga er eigna for barn frå ca 3 år og oppover. Gratis inngang. Arr: Skjåk folkebibliotek

Diktardagar 2015

Bilde
Lom, Skjåk og Vågå I år får lyrikk og musikk brei plass i programmet. Diktet blir vise – frå tekst til tone  er overordna tema for dagane. Hendingar rundt om i verda førde til at vi også tek opp det aktuelle temaet ytringsfridom. Er han sett under press? Knut Olav Åmås tek opp spørsmålet i sitt foredrag Dei farlege ytringane. Lyrikarane Anna Kleiva og Ruth Lillegraven blir sentrale aktørar under dagane, Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig framfører Haugtussa , lokale og nasjonale musikarar er med, det blir humor, jazz, kveding og nynorsk salmesong i skjønn foreining.  Meir informasjon Les meir om program og førehandsal av billettar på heimesida til Diktardagar: Diktardagar.no og/eller facebooksida: D iktardagar på facebook Arrangement i Skjåk Torsdag 3.9.15 Kl 11. 45 - Forfattar Johan B. Mjønes besøkjer elevane ved Skjåk ungdomsskule Laurdag 5.9.15 Kl 14.00 - Litterær Lunsj på Skafferiet Garn og Kaffe AS (Skjåk kjøpesenter). Opplesing ved Ruth Lillegraven Sund