Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

Geitekillingen som kunne telle til ti

Bilde
Forteljarteater 11. februar ba vi inn 1. klassingane og dei eldste i barnehagane i Skjåk til teater. Geitekillingen som kunne telle til ti er ei av Alf Prøysen sine mest kjende forteljingar for barn. Peder Opstad frå Teater Grimsborken  sjarmerte både store og små med sine musikalske og verbale krumspring. Peder spelte alle dyra sjølv med stor innleving. Ungane fylgde spent med på alle krumspringa, og det var stor stas da alle fekk lære å danse ein energisk eventyrdans til slutt. Dansen stoppa ikkje inne på biblioteket, ungane dansa seg ut av biblioteket. Kopi frå Fjuken torsdag 14. februar 2013

Slektsgransking

Bilde
Velkomen til nytt temamøte om slektsgransking! Interessa var så stor at vi inviterer til nytt møte om slekstgransking tysdag 19. februar kl 19.00. Tema denne gongen er tingbøker m.m. Arr: Skjåk historielag og Skjåk folkebibliotek