Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Velkomen til Skjåk folkebibliotek

Bilde
Debesay, Jean-Claude og Majdi I dag har vi hatt besøk av ein triveleg gjeng som kjem frå Eritrea, Sudan, Kongo, Etiopia og Filippinene - og som har til felles at dei byrja på norskopplæring i Skjåk hausten 2016. Ein viktig møteplass Til dagleg får dei norskundervisning med Marie Jeanette Helgesen og Rannveig Stamstad. Dei har klasserom i bygget til Skjåk Energi. I dag ynskte dei ei omvisning og informasjon om biblioteket. Biblioteket blir flittig brukt og er ein viktig møteplass. Her låner dei bøker, lydbøker, filmar, leser aviser, brukar internett, studerer norsk og treffer andre. - Eg skulle ynskt biblioteket var ope kvar kveld, seier Majdi. Først hadde vi eit informasjonsmøte i kommunestyresalen. Deretter synte vi fram studiesenteret kor vi har 12 datamaskiner til utlån. Vi var innom lokalsamlinga (...her sjekka vi hårsveisen på nyklypte Svein Wassæther, det viste seg nemleg at det var eit par frisørar i gruppa), vi synte fram alle mediene vi har til utlån, vi var

Hans Olav Lahlum i Skjåk

Bilde
Kriminelt morosamt Hans Olav Lahlum er historikar, krimforfattar, biograf, politikar, sjakkspelar, forelesar, samfunnsdebattant, kronikkskribent – lista er lang. Den allsidige forfattaren har skrive biografiar, quizbøker og krimromanar. Ann-Lisbeth Lind Bakken, Hans Olav Lahlum og Hanne Gran. Foto: Sigrun Eide Ungt publikum i Skjåk Laurdag kom han til Skjåk for å snakke om krim og mykje anna morosamt. Skjåk folkebibliotek var fylt med 50 personar denne laurdag formiddagen.  At Lahlum er ein publikumsfavoritt på fleire plan, er heilt sikkert. Han innfrir frå fyrste setning. Han starta nemleg med å fortelje at han tykte det var eit veldig ungt publikum i Skjåk –  det likte vi sjølvsagt særs godt. Lahlum kastar om seg med anekdotar om alt frå korleis vi har forandra syn på kvinneplagg (eller var det at vi ikkje hadde forandra syn?), at han sjølv er ei salig blanding av nordlending og opplending, til artige passiarar om viktige personar innan politikken. Det vanka

Vinnaren av Vinterles

Bilde
Glad vinnar frå Skjåk Det er ei stor glede å kunne gratulere vinnaren av hovudpremien i lesekonkurransen "Vinterles" 2016/2017, Ann-Lisbeth Lind Bakken frå Skjåk. Den heldige vinnaren fekk eit gåvekort med middag for fire på Brimi sæter. Vinterles I år er fyrste året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles som er ein lesekonkurranse for vaksne. Alle som fylte ut og leverte skjema i perioden nov. 2016 - mars 2017 fekk kvart sitt fine krus samt at dei var med i trekninga av den gjeve hovudpremien. Hans Olav Lahlum - bibliotekturné Vi hadde ei fin avlutning på lesekonkurransen med besøk av den allsidige forfattaren Hans Olav Lahlum. Les meir om da: - Hans Olav Lahlum var i Skjåk. Skjåk Vi har mange trufaste lånarar i Skjåk og 46 av dei har vore med på Vinterles. Dei har lese 365 bøker til saman.  Norddalen Totalt deltok 250 personar og dei har lese 2000 bøker.

Klovnen Knut sviktar aldri

Bilde
Ein populær kar i Skjåk Latteren satt laust hjå både barn og vaksne da Klovnen Knut i dag besøkte Skjåk folkebibliotek. 70 ungar frå småskulen og barnehagane fekk ei festleg og fargerik stund. Publikum ble engasjert på forskjellig vis - og Klovnen Knut sjarmerte oss med tullekunstar, klovnerier, einhjulsykling, buktaling, gode skrøner, flørting og mykje meir. Han avslutta med å lage kvart sitt ballongdyr til skulane og barnehagane - det var populært. Klovnen Knut har vore i Skjåk sju gonger tidlegare. Og ein ting er heilt sikkert - vi ynskjer mange besøk i framtida også. Simen og Kristian fekk helse på Klovnen Knut. Foto: Sigrun Eide

Svein Nyhus på bokleik i Skjåk

Bilde
Ein eineståande formidlar I dag har vi hatt besøk av illustratør og barnebokforfattar Svein Nyhus. Han las frå boka "Jeg" med stor innleving. Nyhus var morosam, livleg og fengja ungane utan problem. Han viste fram teiknekunstane sine på ei tavle, og ungane fekk hjelpe han å lage ein heilt ny karakter. Svein Nyhus er ein eineståande formidlar. Ungane lo ekstra godt da han forklarte kvifor han har "litt" lite hår midt på hovudet. Ei forklaring var nemleg at han hadde vokse så fort, at han voks gjennom håret sitt... Nyhus avslutta med å vise eit enkelt og effektivt tryllenummer – nemleg at han kunne dele tommelen sin i to - utan å blø! Hanne ynskjer Svein Nyhus velkomen Ein ny karakter blir teikna på bestilling frå publikum Karakteren skulle ha stor nase, store augo og gelè i håret Usikker? Blid? Svein teiknar ulike ansiktsuttrykk  Svein delte ut blyantar og svara på spørsmål Svein fekk sjokolade og eit fint bere

Flinke 3. og 4. klassingar ved Marlo skule

Bilde
Kreativ gjeng - fine bokmerke Elevane har laga kvart sitt bokmerke i faget Kunst og handverk. Lærar Marianne Kveom fortel at elevane var så ivrige at dei til og med ville vere inne i friminuttet for å lage ferdig dei fine bokmerka. - Eg viste fram eit eg hadde laga før vi skulle starte. Eg spurte elevane om dei visste kva eg kunne bruke det til.  Eit av forslaga var: -  Gryteklutar eller vottar!  Men da eg viste fram ei bok skjønte dei kva det var med ein gong. Elevane syner korleis vi skal bruke bokmerke og korleis vi kan lage dei 3. og 4. klasse ved Marlo skule. Foto: Marianne Kveom Kommentarar undervegs - Dette var litt vanskeleg for eg var ikkje nøyaktig nok i brettinga mi. - ÅÅÅÅÅÅÅÅ så søte! (Da eg viste fram forslag til korleis dei kunne sjå ut). - Ta bilete av mitt da for nå er den ferdig! - Eg skal lage eit som ikkje er lik nokon annan for eg likar å ha laga noko spesielt. - Denne skal eg ha i favorittboka mi heime. Eg les Roald Dah