Hans Olav Lahlum i Skjåk


Kriminelt morosamt

Hans Olav Lahlum er historikar, krimforfattar, biograf, politikar, sjakkspelar, forelesar, samfunnsdebattant, kronikkskribent – lista er lang. Den allsidige forfattaren har skrive biografiar, quizbøker og krimromanar.

Ann-Lisbeth Lind Bakken, Hans Olav Lahlum og Hanne Gran. Foto: Sigrun Eide
Ann-Lisbeth Lind Bakken, Hans Olav Lahlum og Hanne Gran. Foto: Sigrun Eide





Ungt publikum i Skjåk

Laurdag kom han til Skjåk for å snakke om krim og mykje anna morosamt. Skjåk folkebibliotek var fylt med 50 personar denne laurdag formiddagen.  At Lahlum er ein publikumsfavoritt på fleire plan, er heilt sikkert. Han innfrir frå fyrste setning. Han starta nemleg med å fortelje at han tykte det var eit veldig ungt publikum i Skjåk –  det likte vi sjølvsagt særs godt.

Lahlum kastar om seg med anekdotar om alt frå korleis vi har forandra syn på kvinneplagg (eller var det at vi ikkje hadde forandra syn?), at han sjølv er ei salig blanding av nordlending og opplending, til artige passiarar om viktige personar innan politikken. Det vanka mange godord om Lahlum blant publikum, som t.d.:

– Eg blir glad berre ein ser han. Han er så kunnskapsrik og humoristisk. 

Men kva var det eigentleg som fekk Lahlum til å byrje å skrive krimromanar?

Det heile starta på toget mellom Oslo og Gjøvik.
- Eg hadde vore i Oslo for å hjelpe ein venn av meg som skreiv ei masteroppgåve om norske kvinner under krigen. På toget heim byrja eg å tenkje: Kva kunne livet til desse menneskene vore om dei hadde vore litt meir heldig eller uheldig med kva dei opplevde? I løpet av ein to timers togtur falt alle bitane til ein kriminalroman på plass. Ei rein eurekaoppleving.

- Når det gjeld interessa for amerikansk politikk og presidentar, så kom den litt tilfeldig, seier Lahlum. Eg har har studert norsk politikk, men leste tilfeldigvis ei bok på engelsk om presidentane.

Hans daværande kjæraste sa han burde skrive ei bok om det. Sitat Lahlum:
- Kjærasten forsvann, men boka kom, for å seie det slik….

Lahlum er morosam, skarp, intelligent, høfleg og han ler godt av seg sjølv.  Lahlum må ikkje berre lesast, men også opplevast.



Randi Venke Flækøy, Marit Andberg, Kristi G. Bakken og Ann-Lisbeth Lind Bakken  tykte Lahlum var artig å høyre på. Foto: Sigrun Eide
Randi Venke Flækøy, Marit Andberg, Kristi G. Bakken og Ann-Lisbeth Lind Bakken
 tykte Lahlum var artig å høyre på










Gunvor Hesla  Kristi G. Bakken og Hans Olav Lahlum. Foto: Sigrun Eide
Gunvor Hesla, Kristi G. Bakken og Hans Olav Lahlum. Gunvor sikra seg ei
signert bok. Kristi har lese alle krimbøkene til Lahlum



Hans Olav Lahlum gjer seg klar  til signering av bøker. Foto: Sigrun Eide
Hans Olav Lahlum gjer seg klar
 til signering av bøker


Den glade vinnar -  Ann-Lisbeth Lind Bakken. Foto: Sigrun Eide
Den glade vinnar -
Ann-Lisbeth Lind Bakken



Vinnaren av lesekonkurransen Vinterles

Ann-Lisbeth Lind Bakken frå Skjåk var den heldige vinnaren av hovudpremien i lesekonkurransen Vinterles. Forfattarbesøket av Hans Olav Lahlum var ei fin avslutning på denne konkurransen.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren