Flinke 3. og 4. klassingar ved Marlo skule
Kreativ gjeng - fine bokmerke
Elevane har laga kvart sitt bokmerke i faget Kunst og handverk.Lærar Marianne Kveom fortel at elevane var så ivrige at dei til og med ville vere inne i friminuttet for å lage ferdig dei fine bokmerka. - Eg viste fram eit eg hadde laga før vi skulle starte. Eg spurte elevane om dei visste kva eg kunne bruke det til. Eit av forslaga var: - Gryteklutar eller vottar! Men da eg viste fram ei bok skjønte dei kva det var med ein gong.
Elevane syner korleis vi skal bruke bokmerke og korleis vi kan lage dei
![]() |
3. og 4. klasse ved Marlo skule. Foto: Marianne Kveom |

Kommentarar undervegs
- Dette var litt vanskeleg for eg var ikkje nøyaktig nok i brettinga mi.
- ÅÅÅÅÅÅÅÅ så søte! (Da eg viste fram forslag til korleis dei kunne sjå ut).
- Ta bilete av mitt da for nå er den ferdig!
- Eg skal lage eit som ikkje er lik nokon annan for eg likar å ha laga noko spesielt.
- Denne skal eg ha i favorittboka mi heime. Eg les Roald Dahl si bok, Heksene!
- Eg skal gje burt eit til onkelen min for han elskar å lese i bøker.
Kommentarer
Legg inn en kommentar