Teikneseriar


Engasjert teikneserieformidlar

Are Flaten jobbar ved Lom folkebibliotek, bur i Skjåk og han elskar teikneseriar. Torsdag denne veka hyra Skjåk folkebibliotek han inn i 8. klasse for å fortelje om sin store lidenskap.

Vi var så heldige å få vere med i klasserommet der Are heldt eit inspirerande foredrag om teikneseriar sett i eit historisk perspektiv. Vi fekk også mange gode tips til vidare lesing.

Etter endt foredrag gjekk vi til biblioteket der alle elevane lånte seg kvar sin teikneserie.

Are Flaten og teikneseriane

8. klassingane Sigrid Visdal, Paula G. Kjeka og lærar Marianne Dagsgard

8. klassingane Hayla Kjeken, Emilie Skriden og Feruz Estifanos Tesfay









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede