Nervepirrande krim

 .
Harlan Coben - Hold tett


Tia og Mike Baye hadde aldri trudd dei skulle spionere på sin eigen tenåringsson. Men Adam har vore uvanleg fjern i det siste. Og etter sjølvmordet til venen Spencer, kan dei ikkje la vere å bekymre seg. I sin desperasjon over at dei føler at dei mistar kontrollen, legg dei inn eit spionprogram på Adam sin PC. Dei oppdagar etter kvart ei merkeleg melding frå ein ukjend avsendar. Meldinga er klar - hold tett, så går alt bra! Også forsvinn Adam. 

Dramaet er i gang. Du blir kasta inn i alle foreldres verste mareritt. Ein tenåring forsvinn, ei mor sørgjer over sin sons sjølvmord, ein gut har eit desperat behov for ny nyre frå sin biologiske far og ein lærar har trakassert ein elev. I tillegg finn politiet ei drept kvinne i byens horestrøk. Andletet hennar er maltraktert til det ugjenkjennelege. Men er ho verkeleg prostituert? Kven er ho? Du blir involvert i mordarens tragiske bakgrunn.  Bli med på ein desperat jakt etter sanninga. Coben samlar på utmerka vis alle trådane til slutt. Hold tett er ei engasjerande, tankevekkjande, underhaldande og meget spennande bok. Boka kom ut i 2010. God bok!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren