Abrakadabra Teateret

...
BOKstavelig talt
BOKstavelig talt
Onsdag trilla vi bokreolane til sides og gjorde klart for teater.

Vel 80 personar var møtt fram for å få med seg framsyninga BOKstavelig talt. Abrakadabra Teatret med Trond og Annemor Magnum, gav oss ein time med song, musikk og dramatisering av forskjellige bøker. Alt  krydra med ein stor dose humor. Vi fekk m.a. høyre songen "Lille Petter Edderkopp" i mange versjonar, og nyseversjonen  var så populær at Trond måtte syngje den ein gong til. Elles fekk vi smakebitar av forskjellige forfattarar som Arne Svingen, Alf Prøysen, Astrid Lindgren og Merete Morken Andersen. Vi fekk også ei dramatisering av Trond Magnum sin eigen, moderne versjon av "Bukkene Bruse". Trond fekk god kontakt med publikum, eit publikum som song med og som engasjerte seg i dramatiseringa av  forteljingane og songane. Dette var ei framsyning som felt i smak, og vi håpar på eit gjensyn med Trond og Annemor.

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren