Mordaren og vinnaren


Her er løysinga

Vi takkar for alle kreative forslag til løysing på årets påskekrim frå Skjåk folkebibliotek. Det store spørsmålet er - kven tok livet av Sigrun Propell?

Jenni S. Pañol

Svar

Sjølv om det såg ut til at mange av dei aktuelle gjerningspersonane hadde motiv, var det berre Jenni S. Pañol som gjorde noko med det. Ho myrda Sigrun Propell!

Motiv
Bibliotekbrukar Kari Anne El Egant hadde overhøyrd ei amper samtale mellom dei tilsette på biblioteket der dei diskuterte stillingsprosent. Jenni S. Pañol gav uttrykk for at ho er ei attgløyme. Ho ynskte difor å ta livet av både Sigrun Propell og Rita Lyrikk i håp om å sikre seg ein større stillingsprosent. Samstundes la ho skulda over på den nytilsette Elin Lé Ken som ho meinte hadde brauta seg fram og stole ein del av jobben hennar.

Korleis
Jenni S. Pañol kom tidleg denne dagen og la ut forgifta sjokolade til både Sigrun Propell og Rita Lyrikk. Ho visste nemleg at dei begge er MEGET svake for sjokolade, og rekna difor med at dette var grei skuring. Sjokoladen har ho fått tak i via sine kontakter i Spania. Ho vart difor lett avslørt av den lure politimeisteren Roger Sval Bard som visste at ho hadde bekjente der. Vi kan takke politimeisteren for at mordaren no er bak lås og slå.

Sitat
Det er to sitat av Jan-Magnus Bruheim i teksten. Det fyrste er henta frå diktet “Um å bera” og det andre er henta frå diktet “Vakker og god”. Det er også eit sitat frå diktet “Å Vestland, Vestland” av Tore Ørjasæter og det siste sitatet er av Tor Jonsson og diktet “Når du er borte”.

Har du gått glipp av påskemysteriet? Fortvil ikkje! Her er kan du lese det:
Vinnaren av påskemysteriet

Vi gratulerer Sigrid Byre som er vinnaren av uttrekkspremien i påskekonkurransen 2021.


Sigrid Byre


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede