Mord i biblioteket

No kan du delta i påskekrimmen vår og bli med i trekninga av eit stort påskeegg.  

Send ei melding på e-post, facebook eller ein SMS til tlf 909 47 020 der du oppgjev gjerningsperson/-personar og motiv. Svarfristen er torsdag 8. april.

Ei litol tilleggsoppgåve: Det ligg fire sitat "skjult" i teksta. Dette er kjente sitat av Jan-Magnus Bruheim, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter. Kan du finne dei?

God påske :)

Helsing frå
Oss på biblioteket


Kven drepte bibliotekaren?
Av T.H.Riller

Det er siste arbeidsdag før påske. Sola skin og det dryp frå taket på Skjåk folkebibliotek. Bibliotekar Sigrun Propell kjem som vanleg tidleg på jobb og gler seg til låne ut mange bøker og kanskje ommøblere litt. Ho blir fortusta når ho ser at kollegaen Jenni S. Pañol har kome fyrst denne morgonen.

Etter å ha drukke dagens fyrste kaffikopp i Vinterleskruset sitt, går ho bort til postrommet for hente dagens aviser. Frå servicetorget kvitrar Paula P. Ostitiv eit muntert: “Hallo Sigrun!”. Sigrun svarer blid attende, og fortel at ho skal hente dagens aviser. “Eg tykte eg såg einkvan frå hjå dykk her for litt sidan? Kanskje avisa ikkje var komen”, seier Paula P. Ositiv.  På tur inn døra går ho seg rett på ordførar Edel Sten som har munnen og hendene fulle av påskegodis. 
 
I posthylla ligg det også ein stor konvolutt merka: “Til Bibliotekaren”. Sigrun opnar konvolutten, og ut straumar den mest vidunderlege sjokoladelukta du kan tenkje deg –  inni konvolutten ligg ein stor sjokolade. Freistinga blir for stor; Sigrun tek ein skikkeleg bit av sjokoladen, og fell umiddelbart død om. 
 
Paula P. Ositiv ser heile hendinga frå kontoret sitt i Servicetorget. Det same gjer vaktmeister Einar Snickers i det han kjem ut frå søppelrommet. Med lange steg spring han mot postrommet. Samstundes kjem den høglytte og energiske Doktor Solheim bortover gangen. Einar Snickers roper at han må kome å hjelpe.

“Men kva i alle dagar! Kvifor ligg du her, unge dame?” utbryt Solheim på si karakteristiske dialekt. Han oppdagar raskt at dette ikkje er ein spøk, og han gjer alt som står i si makt for å redde bibliotekaren. Etter ei stund stadfestar han likevel: “Ho er dau som ei sild, ring Politimeisteren er du snill”.  
 
Kort tid etter kjem Politimeister Roger Sval Bard saman med ambulansefolka. Medan liket blir frakta bort, kan ein høyre ei mumling frå tilskodarane: “Skapte er vi te bera...” og “ho som var så vakker og god..” 
 
Roger Sval Bard tek med seg alle vitna bort til biblioteket for avhøyr. Der står den ivrige bibliotekbrukaren Kari Anne El Egant og låner eit tårn av krimbøker hjå Biblioteksjefen Rita Lyrikk. Samstundes kjem Jenni S. Pañol frå barneavdelinga med ein haug av barnebøker ho skal bokprate seinare på dagen.  
 
Rita Lyrikk: “Eg veit ikkje kva som har skjedd. Eg veit berre at eg tykte ho brukte så lang tid på å hente avisene. I dag er det torsdag og eg er så spent på påskenummeret til Fjukenavisa.” 
 
Sylfest Sykkel: “Eg kom for ti minutter sidan. Eg veit heller ikkje kva som har skjedd, men eg såg ho Rita styra på kontoret med nokre påskeegg da eg kom. Ja, ja. Det blir nå vertfall stilt her nå da, var nå så skrekkeleg som Sigrun stima." 
 
Jenni S. Pañol:  “Eg veit ingenting. Eg dreiv som vanleg i kjellaren, som den attgløyma eg er. Men dykk må kanskje høyre med den nytilsette Elin Lé Ken også. Eg såg ein skugge som minna mistenkjeleg om ho på kontoret i dag tidleg...”  
 
Vaktmeister Einar Snickers: "Ho har jo stima så i det siste. Med ommøblering og oppussing. Det er støtt noko som skal skruvast eller monterast. Eg trudde berre ho la seg ned på gulvet for å ta seg ein liten kvil, før ho skulle byrje på neste prosjekt. Kanskje vi slepp alt styret med meirope bibliotek nå da?” 
 
Paula P. Ositiv er tydeleg påverka av hendinga og tørkar ei tåre medan ho gjentek fleire gonger: “Å Sigrun, Sigrun! Når eg ser deg slik...”  

Kari Anne El Egant: “Eg var her i går for å låne den siste krimboka av Kroken og Kolden. Da overhøyrde eg ei amper samtale mellom dei tilsette ved biblioteket. Dei diskuterte stillingsprosentar.” 

 
Rita Lyrikk pusser nasen høglytt og dramatisk. Og medan ho deklarerer “Nærast er du når du er borte, Sigrun” tøyer ho seg etter ei fin, spansk påskesjokolade som ligg på pulten hennar. Med det same roper Roger Sval Bard; “STOPP! Ikkje et den! Eg veit kven som er mordaren...” 
 
Veit du? 




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede