Boklansering med Finn Sandum


 "derfor" - ei ny diktsamling

Finn Sandum kjem med ny diktsamling. Boka skal lanserast på Skjåk folkebibliotek onsdag 16. november kl 18.30.

Finn vil lese frå den nye boka si. Han har også med seg  flinke musikarar som har tonesett fleire av dikta hans. Gled deg til å høyre:

- 2/3 av gruppa "Sol i Skuggeskog" m/Ingrid og Einar Lian-Bjørgum
- Geir Byre
- Ole Jonny Bekkemellem
Det er gratis inngang og enkel servering.


Ein populær poet

Stadig fleire får augo opp for dikta til Finn Sandum. Han får mange positive attendemeldingar frå folk som har lese dikta hans i bokform og på facebook. Mange har spurt om det kjem fleire diktsamlingar.

I 2011 gav han ut diktsamlinga "Sol i Skuggeskog". Det er tittelen på denne diktsamlinga som er opphavet til den populære folkemusikkgruppa med same namn. Gruppa består av Ingrid Lian-Bjørgum (vokal), Øyvind Sandum (trekkspill/vokal), og Einar Lian-Bjørgum (gitar/vokal). Gruppa har tonesett mange av dikta til Finn og er ofte å høyre på radio. Dei har også gjeve ut ein cd. Musikken til oppdalsbandet er ei blanding av melodiar med inspirasjon frå norsk og amerikansk folkemusikk.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede