Vinterles

Ein lesekonkurranse for vaksne


Litt om konkurransen
Det går mot kaldare tider, og ingenting er som å synke ned i ein stol med ein kopp varm drikke og ei god bok. I år er fyrste året biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer Vinterles. Du finn eit hefte med boktips i ditt bibliotek. Omtalane er korte, informative og skal gje nok informasjon om boka til å kunne koble rett bok til rett lånar.

Fine premiar
Ved å delta i konkurransen er du med i trekninga av middag for fire på Brimi sæter. Alle som fyller ut og leverer skjema får kvart sitt fine krus. Vi avsluttar det heile med forfattarbesøk til våren.
Lesekampanjen varer frå nov. 2016 til mars 2017.

Kick-off med bokprat

Tysdag 29. november kl 19 skal vi ha eit arrangement på Skjåk folkebibliotek. Da kjem nemleg forfattaren Linn T. Sunne og bibliotekaren Merete Byrøygard for å prate godbitar ut av hyllene. Det er gratis inngang og enkel servering. Linn og Merete gjestar alle biblioteka og arrangementet er eit samarbeid med biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen og Oppland fylkesbibliotek.

Velkomen innom!





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren