100 personar på juleforestilling

Den magiske juledrikken

I dag har vi hatt ei trivelig stund på biblioteket med gruppa Mandarinsaft som består av Bendik Ulla og Even Moen Jenssen. Dei framførte ei musikalsk forteljing om jula i Mandarinvegen. Vi  inviterte dei eldste i barnehagane og 1., 2. og 3. klassingane ved Marlo og Nordberg skule - det vart ein god gjeng på 100 personar.

Litt om handlinga
Snøen lavar ned, og Emma går heim frå skulen. Det er juleferie og ho gler seg til jul. Emma går forbi Trollskogen. Der høyrer ho nokon som gret. Det er Trollet som er lei seg. Han har ingen å feire jul saman med. I Mandarinvegen blir alt gjort klart til jul. Øvst i vegen bur Sevrin. Han er ein varm og gjestfri person som alltid har ope dør og god tid. Da Trollet kjem til Sevrin sitt hus, skjer det magiske og spennande ting. Trollet og Sevrin blir gode venner.

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Skjåk folkebibliotek: 100 personar på juleforestilling 

Juleforestilling på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Ein skikkeleg god gjeng på juleforestilling

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Her er trollet - han var heldigvis snill

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Trollet og Sevrin fekk god hjelp frå publikum til å lage mandarinsaft

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Trollet (Bendik Ulla) og Sevrin (Even Moen Jenssen) er flinke til å spele gitar, syngje og dramatisere

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Tomlane opp for juleforestillinga frå ein god gjeng frå Nordberg skule

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Samstemte jenter som tykte det var ei fin juleforestilling

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Tomlane opp for Mandarinsaft frå ein god gjeng frå Marlo skule

Juleforestilling med Mandarinsaft på Skjåk folkebibliotek. Foto: Sigrun Eide
Julestemning utanfor biblioteket. Her er ein god gjeng frå Dønfoss barnehage

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mord i biblioteket

"Når ein først skal skyte nokon" av Arnfinn Kolerud

Mordaren og vinnaren