Krimforfattar på besøk i Skjåk

Lene Lauritsen Kjølner skriv forfriskande og originale krimbøker.




Kriminell kveld
Onsdag kveld hadde vi besøk av forfattaren Lene Lauritsen Kjølner. Det vart eit spennande møte der vi fekk ein liten "smak" frå krimbøkene hennar. Vi fekk også høyre litt om to nye bøker som ikkje er utgjevne enno. 

Handlinga i bøkene er frå hennar eige distrikt, og det er privatetterforskaren Oliva Henriksen som er hovudpersonen. Til tross for drap og etterforsking, er bøkene prega av godt humør og slagferdige replikkar, og er fyrst og fremst underhaldande.

Lene skriv forfriskande og originale krimromanar som ikkje liknar på noko anna innan norsk krimlitteratur. Dette er perfekt krim for alle som ikkje er så glad i spekulativ vold, men sett pris på ei god intrige utan for mykje blod og gørr.

Har du ikkje sikra deg ein krimroman til påske enno? Kom og lån ei bok av Lene Lauritsen Kjølner, da vel :)


  • I de beste sirkler (Krim og spenning, Juritzen, 2018)
  • Ingen til bords (Krim og spenning, Vigmostad & Bjørke, 2017)
  • Dakota rød (Krim og spenning, Vigmostad & Bjørke, 2016)
  • Hvorfor spurte de ikke Evensen? (Krim og spenning, Schibsted, 2015)
  • Høyt henger de (Krim og spenning, Schibsted, 2014)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede