Sommarles og trylleshow

Måndag 26. september hadde vi fullt hus og avslutningsfest for Sommarles. Sommarles er ein digital og nasjonal lesekampanje som går føre seg kvar sommar. Her kan alle 1. - 7. klassingar vere med på Norges kulaste lesekampanje saman med barn frå heile landet.

I Innlandet fylke var 45 bibliotek med i år. Lom og Skjåk toppar denne lista som nr. 1 og 2 når det gjeld oppslutning.


På avslutningsfesten kom tidlegare norgesmeister i trylling, Mikal Hednè, og hadde trylleshow for oss. Vi runda av det heile med ei spennande premieutdeling. Det var 3. klassingen Alfred Henriksen Bøhle som vann hovudpremien i år.

 Takk til alle som har vore med! Vi gler oss allereie til Sommarles 2023.

"Dette hadde eg aldri trudd kunne skje med meg!"

                                                                    Alfred Henriksen Bøhle. 3. klassing og glad vinnar
                                                                                                         av Sommarles 2022 i Skjåk 

Sommarles 2022 i Skjåk. Foto: Sigrun Eide
Frå venstre: Alfred Henriksen Bøhle, Mikael Hednè og Assa Majdi Alhadi Tibiq. Foran frå venstre: Martin Lund, Sigrid Lykre, Julia Brandsar og Nora Krogstad.

Tryllekunstnar Mikael Hedné. Foto: Sigrun Eide
Tryllekunstnar Mikael Hedné


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede