Jeffery Deaver

.
Kald måne

Skrekk og gru..

To personar blir funne brutalt myrda ei bitande kald desembernatt i New York. Mordaren likar å seigpine ofra sine, og han har ein signatur: nemleg ei klokke ved kvart offer som ser ut til å ha rekna nøyaktig tida det tek for dei å døy. Det kan sjå ut som mordaren har tvunge det eine offeret sitt til å hengje etter armane frå bryggjekanten mens han kappa over handledda på han. Ved blodpølen tikkar klokka. Offeret har lidd ein lang og smertefull død. Det blir etter kvart fleire åstader, alle med ei illevarslande klokke. Mordaren får namnet Klokkemakaren, han drep med sylskarp presisjon og etterforskar Lincoln Ryhme har berre timar på seg til å stoppe han. Da etterforskinga ledar til urmakaren som har selt klokkene til mordaren, blir det slått full alarm. Mordaren har kjøpt ti klokker..

Boka er vanskeleg å leggje frå seg, og den som klarar å sjå løysinga på denne gåta før slutten er god!

Dette er den sjuande romanen der etterforskaren Lincoln Rhyme er med. Jeffery Deaver er både journalist, jurist og visesongar, men det er som thrillerforfattar han er kjend verda over. Han har i alt skrive atten romanar. God bok!

Jeffery Deaver sin nettstad.

Sjekk om boka er inne her :)

Lagt inn av: Sigrun

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede