BokLek med Lisa Aisato - ein invitasjon til alle førskuleungane
BokLek er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland.
Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle som skal byrje på skulen i Oppland. Ungane blir invitert med til å oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet BokLek ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka, og at barna skal kunne delta på eigne premissar. BokLek er eit årleg bokprosjekt, der det blir engasjerert ein barnebokforfattar eller illustratør som skal på turné til alle folkebiblioteka i Oppland.
Lisa Aisato kjem til Skjåk folkebibliotek tysdag 5. april kl 9.30.
Meir informasjon om BokLek 2016
Oppland fylkeskommune har skrive ein artikkel om BokLek.
Kommentarer
Legg inn en kommentar