N-Games - dataspeling i biblioteket

Skjåk folkebibliotek 11/9 og 20/11

Biblioteka i Nord-dalen skal ha spelkveldar skuleåret 2020/2021 også, to kveldar før jul og to kveldar etter jul. Dette er eit samarbeid med den friviljuge organisasjonen Blue Elite Esports. Det er tredje året Skjåk folkebibliotek er med.

Vi gler oss til ein ny runde med N-Games i kommunestyresalen. N-Games er ei turnering med 24 arrangement (fire på kvart bibliotek), og ein storstilt finale i Otta Kulturhus i juni 2021.

Finalehelga består av sluttspel i Rocket Leauge og mindre turneringar i andre spel.

Møt opp og meld deg på i døra. På grunn av Covid-19  vi må vi registrere alle som er til stades, dette gjeld både spelarar og føresette.

 Arrangementa er gratis og ope for alle.

Velkomen skal du vere :)


Blue Elite Esports

Du finn utfyllande informasjon på facebooksida til Blue Elite Esports.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede