Boklek

Velkomen til
Boklek
på Skjåk folkebibliotek
onsdag 12. mars kl 9.30

Alle førskulebarn i Oppland er invitert med på Boklek; til å oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Prosjektet ynskjer å vise at det er mange vegar inn i boka.
 


Dette er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle førskulebarn
Les meir om prosjektet på Boklek-bloggen.

Om Kubbe
Kubbe er veldig glad i å samle på alt han finn i skogen. Det finst så mange skattar der ute, tykkjer han. Han tek med seg alle skattane heim og legg dei i fine boksar. Men ein dag er alle boksane fulle! Da startar Kubbe sitt eige museum, i sin egen heim. Museet blir ein stor suksess - nesten for stor, tykkjer Kubbe..... Tenk om han må stå i dokø til sin eigen do resten av livet?

Passar for førskulebarn
Gratis inngang
Velkomen!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Les om superheltane Brune, Svartle og Blåse av Håkon Øvreås

Datakurs i Skjåk