Postkort med dikt og sitat av Jan-Magnus Bruheim

I 2014 er det 100 år sidan forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk vart fødd. ”Jan-Magnus Bruheim 100 år. ALDRI ELDEST
TIDI ”, er overskrifta på 100-årsjubileet, som skal markerast med boka «Dikt i utval», ein diktarstig, ein cd med tonesette dikt og fleire arrangement. Du kan lese meir om jubileet på den nyoppretta heimesida for Jan-Magnus.

Bruheim-nemnda har laga to typar doble postkort som er i sal hjå Skjåk folkebibliotek (kommunehuset) og Akantus (Skjåk kjøpesenter) for kr 35,- pr. stk. Det eine kortet har ein akvarell av Marit Grande Haugen med  fjellet Skridulaupen på framsida, og eit sitat inni kortet:

Å vakne til ein ny dag er som å få ei forundringspakke.
Du veit ikkje kva ho inneheld, og kvar gong er det like
spanande å opne ho.
(Bok: Spegelbrot. 1990, s 51)

Det andre kortet har eit bilete av elva Føysa og diktet «Den annsame», fotograf er Morten Kielland. Det er lett å kjenne seg att i diktet som sette ord på tidsklemma før ho var oppfunne.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

TV-spel i biblioteket

Trylleshow og leseglede